Fjellspa 19.-21. april

Ta tilbake kvilepulsen og få eit pusterom med tid til heile deg!

Denne helga kan du puste inn frisk, norsk fjelluft, starte dagane med velgjerande yogasekvensar, få forståing for korleis du kan bruke yoga som di «medisin», forståing for kva kroppen din fortel deg, samt at du får verktøy til å gi deg sjølv ein god kvardagshelse!

Ankomst fredag 19. april:

Frå kl. 16.00: Innsjekk, kveldsmat og velkomstsamling.

Dette er DIN RE-START HELG, der vi saman kan fylle dagane med ro, kvile, yoga, lokal gourmetmat, velgjerande gode opplevingar og aktivitetar som gir deg påfyll, meir energi og overskot i kvardagen. Du vil òg få naturopplevingar, nærande samtalar ute rundt bålet, peiskos og «kveldseto» med forståing for gamal tradisjonell folkehelse med urter.

I tillegg får du varmande badstu før og etter ei dukkert i det nydelege Vågåvatnet. Her finn du grøne brevatn for ein styrkjande og velgjerande varme- og kuldeoppleving.

Pakken inkluderer full pensjon med overnatting, mat og alle aktivitetar. Pris: kr 8500,- per person.

Utfyllande program kjem.