Restaurant

Alle dager kl 19.00: Dagens rett
Tirsdag–torsdag kl. 17:00–20:30: À la carte

Kvar kveld serverer vi Dagens rett til våre overnattande gjester. Kjøkkenet lagar smakfulle middagar med lokale råvarer og inspirasjon frå sesongen – servert i ei lun og uformell ramme.

I sommarsesongen, frå mai til september, utvidar vi menyen med à la carte frå tysdag til torsdag. Her møter tradisjonelle smakar moderne vriar, med råvarene og årstida som utgangspunkt.

For grupper på åtte personar eller fleire kan de bestille treretters middag på førehand, heile året. Restauranten tek gjerne imot både selskap og møte.

 

Vågåstugu

Opptil 150 personer

Hotellet har fleire innbydande selskapsrom, og Vågåstugu er blant dei mest stemningsfulle. Med solide tremøblar, peis og ei lun atmosfære, gir rommet ei varm ramme rundt jubileum, møte og markeringar. Her kan du samle kollegaer, vener eller familie til ei oppleving med nærleik til både natur og tradisjon. Vi tilbyr skreddarsydde løysingar for mat, drikke og dekor – og opnar gjerne for selskap ved førehandsbestilling.

Frokostsalen og Nugga kan kombinerast for større selskap, med plass til opptil 150 personar til arrangement med bespisning. Her får du servert lokal mat med røter i tradisjon og kjærleik til råvarene – alt i vakre omgjevnader med utsyn mot fjell og natur.

 

Baren i hotellet

Åoen kvar dag frem til kl 23.00

Baren er ein uformell og triveleg samlingsplass der du kan slappe av etter ein innhaldsrik dag. Her kan du nyte noko godt i glaset, slå av ein prat eller berre lande i rolege omgjevnader. Peisen gir ekstra varme på kjølege kveldar, og atmosfæren innbyr til både gode samtalar og stille stunder – anten du kjem aleine eller saman med andre.

Kontakt oss

Kontakt oss

First
Last

Ta gjerne kontakt med oss og vi skreddersyr ditt selskap!