Midt i Vågå sentrum finn ein Bokhandel’n Bakeri & Mathus. Dette sjarmerande tømmerhuset frå 1919 huser ei unik kombinasjon av bakeri, kafé, selskapslokale og fire elegante hotellrom i andre etasje. Med sitt vertshus- og krambu-aktige preg, er dette staden eit samlingspunkt for dei som søkjer ei autentisk oppleving.

I det historiske huset blir brød, bakverk og pizza bakt i ein tradisjonell steinovn som gir ein heilt spesiell og delikat smak og konsistens. Vår dyktige bakar føretrekk denne tradisjonelle metoden på grunn av den jevne varmefordelinga, samstundes som steinovnen tilfører ein subtil røyksmak frå ved eller kull som brenn som brensel.

Bokhandel’n Bakeri & Mathus serverer solide og ekte måltid tufta på tradisjonar og lokale råvarer. For dei som er på farten, tilbys også take away-tenester.

 

Praktisk informasjon

Tirsdag – lørdag frå kl. 11 – 18 (kjøkkenet frå kl. 12.00)
Bakeri og kafé
Eget selskapslokale
1 hotellrom og 3 suiter i 2. etasje

Lunsj og pizza

Onsdag – søndag frå kl. 11 – 18

I dette sjarmerande tømmerbygget frå 1919 er dufta av bøker, papir og trykkfarge historie.
Huset var opprinneleg ein bokhandel, men var òg kjent for sitt varierte utval av kioskartiklar, mellom anna fotoartiklar, tobakk, sjokolade, fiskeutstyr, sølv og gåveartiklar som pryda inngangen. Bokhandelen hadde smakfullt interiør og ein lang disk, med rammeverk og profilerte fyllingar.

I dag reflekterer staden den tidlause elegansen med eit interiør som inviterer til å nyte dei beste lunsjrettane og pizza laga på ekte, solide råvarer, bakt med tradisjonelle metodar. Ein godt utstyrt disk står framleis i sentrum, og tilbyr gjestane ei smakfull oppleving. For dei som føretrekkjer å nyte maten ein annan stad, er takeaway tilgjengeleg.

 

Selskap hos Bokhandel´n

Opptil 45 personer
Uteplass

Me tilbyr òg ein koselig stad for ulike arrangement i Bokhandelen Bakeri & Mathus. Enten det er dåp, konfirmasjon, bryllaup, gravøl eller andre sosiale samankomster, legg vi til rette for grupper, familiar, bedrifter og alle andre som ønskjer å samlast rundt kortreist og solid mat basert på lokale tradisjonar.

Hotellrom på Bokhandel´n 2. etasje

Dette sjarmerande tømmerhuset frå 1919 huser ein unik kombinasjon av bakeri, kafé, selskapslokale og fire elegante hotellrom i andre etasje. Med sitt vertshus- og krambu-aktige preg, er dette staden eit samlingspunkt for dei som søkjer ei autentisk oppleving. Bokhandel´n Bakeri & Mathus serverer solide og ekte måltid tufta på tradisjonar og lokale råvarer. For dei som er på farten, tilbys òg take away-tenester.
2. etasje på Bokhandel´n
Storsuita – Gudbrandsdalen
Storsuita Gudbrandsdalen på 50 kvm ligg i 2. etasje på Bokhandel´n Bakeri og Mathus. Suiten har eit dobbeltrom, eit velværebad med badekar og massasjedusj, kjøkken med romsleg spisestove, stue med streaming-TV. Innsjekking skjer i kafeen på Bokhandel´n, alternativt får gjestane informasjon på førehand om nøkkelen via ein kodeboks. Frokost blir enten servert som frokstpakke eller på Villa Vågå Hotell (kun 3 minutters spasertur).
Bestill her
2. etasje på Bokhandel´n
Kyrkjesuiten – Rondane
Kyrkjesuiten Rondane på 30 kvm ligg i 2. etasje på Bokhandel´n Bakeri og Mathus. Suiten har eit dobbeltrom og sovesofa, rommar opptil 4 personar og inneheld bad, minikjøkken, stue og streaming-TV. Innsjekking skjer i kafeen på Bokhandel´n, alternativt får gjestane informasjon på førehand om nøkkelen via ein kodeboks. Frokost blir enten servert som frokstpakke eller på Villa Vågå Hotell (kun 3 minutters spasertur).
Bestill her
2. etasje på Bokhandel´n
Kinostua – Reinheimen
Kinostua – Reinheimen på 40 kvm ligg i 2. etasje på Bokhandel´n Bakeri og Mathus. Suiten har eit dobbeltrom, bad, sovesofa, kjøkken, stue med sittegruppe, stor flatskjerm og streaming-TV. Innsjekking skjer i kafeen på Bokhandel´n, alternativt får gjestane informasjon på førehand om nøkkelen via ein kodeboks. Frokost blir enten servert som frokstpakke eller på Villa Vågå Hotell (kun 3 minutters spasertur).
Bestill her
2. etasje på Bokhandel´n
Dobbeltrom – Jotunheimen
Dobbeltrom Jotunheimen på 16 kvm ligg i 2. etasje på Bokhandel´n Bakeri og Mathus. Rommet har ein komfortabel dobbeltseng, eige bad med dusj, minikjøkken og streaming-TV. Innsjekking skjer i kafeen på Bokhandel´n, alternativt får gjestane informasjon på førehand om nøkkelen via ein kodeboks. Frokost blir enten servert som frokstpakke eller på Villa Vågå Hotell (kun 3 minutters spasertur).
Bestill her
Se mer
Se mindre
Kontakt oss

Kontakt oss

First
Last