Forfattersuiten, på 43 kvm, har ei komfortabel 160 cm seng frå Wonderland og eit romsleg bad med Sprekenhus kroppspleieprodukt, dobbel dusj, badekar og hårfønar. Rommet har ein elegant innreiing med sovesofa, ekstra høge luksus dundyner og puter, vatnkokar og kaffemaskin, samt gratis trådlaust internett.
Her finn du eit skrivebord perfekt for å arbeide med din neste bok, medan du nyter utsikta til fjella som omkransar Vågå. Hyllene blir jamleg fylt med bøker frå forfattarar som har skapt ved hotellet. Resepsjonen tilbyr også lån av steamar, strykebrett og strykejern for ekstra bekvemleik.