Jutullaget er ei av dei aller mest aktive runddansgruppene i Noreg. Med ei fartstid på over 35 år og tallause turar over heile landet og til dels i utlandet har Jutullaget vorte ei merkevare innanfor norsk tradisjonsmusikk.
Merittlista er lang, og dei har fem CD-utgjevingar bak seg. I september 2021 slapp Jutullaget «Kvitbrille», kor dei tolkar og spelar tradisjonsstoff som dei har etter eldre spelmenn hovudsakeleg frå Ottadalen. Samstundes set dei fokus på å vise fram korleis den nye generasjon spelmenn komponerer nytt tradisjonsstoff på durspelet. Neste sumar går gruppa på ny i studio for si sjette plate. I sumar var gruppa i storslag på landsfestivalen og vann gruppespelet for femte gong, og er med det en gruppa som har vunne landsfestivalen flest gonger.