Classic Norway Hotels
Badstova ved Vågåvatnet er sjølvbetjent, og ein fyrar med ved i badstuovnen. Det ligg ved og utstyr til opptenning i badstova.
Husk å ta med handkle og badetøy, eventuelt høgtalar for musikk og ein hodelykt om det er mørkt.
Badstova ligg flytande utpå vatnet, og ein nyttar kabelferge for transport. Vassstanden i Vågåvatnet varierer mykje, så sjekk alltid djupna i vatnet før du bader.
For booking, ring: 908 72 357.
Ver med på å ta vare på badstua slik at dei neste gjestane som besøkjer den får den same gleda som deg!