MKW – Analogworkshop 16. – 22. januar 2025

Morten Krogvold workshop arrangerer, som ei eingongshending, ein analog workshop med hovudvekt på mørkerom. Deltakarane skal desse dagane fotografere som om det er ein vanleg workshop – men med analogt kamera og film. Det er fotografia som vert skapte på kurset som skal bli bearbeida og visualisert i mørkerommet.

Tida vi opplever no, med kunstig intelligens favoriserer sjølvsagt det analoge fotografiet. Alle spådommar om dette fotografiet sin død er kraftig vist tilbake, det vert selt meir og meir film kvart år. Ein stor fordel ved å meistre mørkeromsarbeid er sjølvsagt at det vil auke forståinga og kunnskapen om Lightroom og Photoshop. Heile grunnlaget for det digitale etterarbeidet byggjer på dette.

Det sakte handverket, fordjupinga, er ein annan prosess og ei motvekt til det hastige digitalfotografiet, som sjølvsagt har andre fordelar. I vår rastlause, overflatiske tid aukar behovet for fordjuping, refleksjon og ettertanke. Det får ein i mørkerommet. Der blir ein kjent med bileta sine og kanskje også betre kjent med seg sjølv.

Dette er ikkje eit nybyrjarkurs for dei som aldri har vore i mørkerom. Det krevst litt erfaring – ikkje mykje – men dette er ikkje ein ABC-workshop.

Innhaldet blir:

  • Foredrag om det analoge fotografiet og presentasjon av nokre analoge fotografar i verdsklasse
  • Masterprint på baryttpapir
  • Sonesystemet for eksponeringskontroll
  • Multieksponeringar og lange eksponeringar
  • Ulike toningar
  • Svekking

Morten seier om workshopen:
«Er det en ting jeg kan i verden, er det mørkerom! Jeg har over 50 års erfaring, mørkerommet er grunnen til at jeg fotograferer. Der skapes det ikke effekter – men fotografiets temperament.»

Med seg har Morten:

Tore Lund Blindheim som har blitt ein førsteklasses utøvar av det analoge fotografiet og Tomas Carlström som har arbeidd i mørkerom sidan Svartedauden. Det er altså tre fagfolk som instruerer, hjelper og samarbeider med deltakarane i vårt fantastiske mørkerom med tolv arbeidsstasjonar. Vi skal arbeide med bileta til deltakarane som blir skapt i Vågå under workshopen. Alle føredraga vil vere om analoge fotografar i verdsklasse og om vårt arbeid.

Gjesteførelesar Vidar Kringsjaa vil vise nokre av dei gamle, fantastiske teknikkane; til dømes daguerreotypi, våtplater, kolodium, albuminprint og cyanotypi. Han vil også vise originalfotografi frå si eiga omfattande samling med bilete laga med ulike fototeknikkar og fortelje om prosessane rundt desse.